Perfekt for gründerar
Fosshaugane Campus er ein ypparleg stad å starte for deg som har ein forretningsidé. Her er det fleire aktørar som gir deg god hjelp til å lukkast, mellom anna Sogn Næring og Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane.
Sogn Næring yter gratis hjelp til bedriftsetablering i Sogndal Kommune. Dei har også eit nettverk av gründarar som møtes kvar månad til samlingar og workshops. Gruppa vitjar også andre verksemder i regionen. Sogn Næring kan tilby etablerarar kontor på Fosshaugane Campus, til ein rimeleg pris. Ta kontakt med Sogn Næring for meir informasjon om kontor.
Det er også høve til å søke seg inn som Fjord Inkubator-bedrift gjennom Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane. Her får du eit glimrande tilbod som nyetablerar med innovative idear. Ta kontakt med Kunnskapsparken for meir informasjon om Fjord Inkubator.