Joar Solberg Trafikkskule til Campus

Trafikkskulen til Joar Solberg har flytta inn på grunnplanet til Campus.

Joar Solberg Trafikkskule har eksistert sidan 1993, og består av tre tilsette, to køyrelærarar og ei kontormedarbeidar. Me held til midt i Fjøra, nærmare bestemt Parkvegen 5.

Sjefen sjøl er sjølvsagt Joar Solberg! Han gjekk ut frå Statens Trafikklærerskole i 1988, og har mange års erfaring innanfor trafikkopplæring. Han kan tilby opplæring innanfor fleire førarkortklassar. Desse er då bil, bil og hengar, traktor, moped og MC.
Han har ein ansatt, Ann Kristin Fardal. Ho gjekk ut fra Trafikklærarhøgskulen i 2009, og kan tilby føraropplæring på bil.

Vårt mål er å veilede våre elevar gjennom trafikkopplæringen på ein sikker og effektiv måte. Trafikkopplæringa her i landet er fastsatt av Vegdirektoratet. I dei forskjellige førarkortklassane er det fastsatt ulike læreplanar som må følgast.

Læreplanen er inndelt i øvelsar eleven må igjennom for og til slutt nå målet om å ferdast i trafikken på ein trygg og effektiv måte. Oppkøyringen er då ein kontroll på at dette målet til slutt er nådd.
For å lettare nå dette målet er det viktig å køyre så mykje som muleg heime. Dette gjer til at ein får mykje meir erfaring, og førarkortet blir billigare!

Me samarbeidar med Sogn Trafikkskule og Vidar Fylling Trafikkskule. Me køyrer felles kurs og deler kontor og lokale saman med dei.