Ny parkeringsordning på Fosshaugane Campus

Den felles parkeringsordninga på Fosshaugane er no justert noko, forhåpentlegvis til det betre for alle våre tilreisande gjester:

Ved Sognahallen vil det frå no kun være timebetaling (årskort kan ikkje lenger nyttast). Dette gjer at me enkelt kan vise gjester og møte/konferansedeltakarar til desse plassane, samt til dei nærliggande parkeringshusa.

Me håpar endringa gjer at gjester raskare finn fram enn tilfelle har vore til no. Det vil i tillegg kome ny betalingsautomat med kortfunksjon utanfor hallen.

For alle med årskort utomhus, vil næraste parkering frå no være ingafossen/kvåle.