Rolf Navarsete er årets samfunnsentrepenør 2013

Årskonferansen til SIVA vart arrangert i Trondheim med stor oppsluttnad frå norsk næringsliv.

Trond Giske delte ut prisen Årets samfunnsentrepenør til Rolf Navarsete på årskonferansen til SIVA

Giske hadde eit foredrag i forkant av prisutdelinga der han gjekk gjennom regjeringa sine satsingar innanfor næringspolitikken. 

Giske framheva Rolf sin innsats som primus motor for bygginga av Fosshagane Campus som hovud årsaka til at han fikk prisen. Det vart og framhava arbeidet han hadde gjort som kjøpmann i Sogndal, både med Meny og med utviklinga av det som no har blitt  Amfi Sogningen. 

Rolf vil nytte prisen, som i tillegg til heder og ære, er på kr 100 000 til å utvikle Fosshaugane Campus vidare.  - Saman med forskningsmiljøet på HSF og Vestlandsforskning prøver Fosshagane Campus miljøet å ta noke nasjonale posisjonar. - Det er til det arbeidet pengegåva skal gå!