Styringsgruppa for Fosshaugane Campus

Styringsgruppa for Fosshaugane Campus har med representantar frå Sogndal Fotball, Høgskulen, Fylkeskommuna, Statsbygg, Sogndal kommune og Sogn Næring.

Styringsgruppa skal ha møte den 19.Juni. På møtet tek ein opp saker som kan vere aktuelle å samarbeide om. Det kan vere nye utfordringar som må løysast eller nye samarbeid som kan initierast. Her drøftar ein både bygg og innhald på eit overordna nivå.

Kom gjerne med innspel om det er idear du kunne tenke deg vart drøfta i dette fora.  

post@sognnaring.no