Innflytting i Innovasjonsbygget i gang

Arbeidet med Innovasjonsbygget går mot slutten og innflyttingsjauen er i full gang.

Innovasjon Norge flyttar i desse dagar inn i 2.etg, og på mandag 9.oktober er dei tilsette på plass. I denne etasjen blir det ei unik samlokalisering av etablerarapparatet. Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane og Sogn Næring er også i gang med sin flytteprosess.

Litt seinare kjem Norconsult med sitt flyttelass. Dei skal inn i 3.etg, der også Arkitektkontoret 4B skal halde hus.

I 1.etg. er det også snart klart for innflytting. Der blir det gründerkontor, i tillegg til at robotselskapet NLink as og programvareutviklarane i Rocketfarm as også vil ha eit stort areal der.