Innovasjonsbygget i rute

I oktober opnar innovasjonsbygget på Fosshaugane Campus med 1700 m2 moderne kontorareal klare for bedrifter, etablerartenesta og gründerar.

Arealet er allereie utleigd og vil ha flg. leigetakarar:

1.etg:
Den eine halvdelen av etasjen skal gründersuksessane Rocketfarm og NLink disponere til sine programvareutviklarar og robotar. Så blir det kontorplassar til ca. 25 gründerar, som kan leige seg kontorplass gjennom Sogn Næring eller inkubatorordninga til Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane. Mellom desse to areala blir det eit vrimleareal der det blir arbeidd med å få på plass ein kaffibar.

2.etg: 
Sogn Næring og Kunnskapsparken Sogn og Fjordane blir samlokalisert i den eine delen, medan Innovasjon Norge med sine tilsette skal ha den andre. 

3.etg:
Arkitektkontoret 4B flyttar frå sitt lokale i Lines-tribuna, som Høgskulen på Vestlandet overtek, og dei deler denne etasjen med Sogndal-kontoret til Norconsult, som under Tone Myklebust si leiing er i stor vekst.

Unikt miljø for gründerar - for heile regionen

Vi er ikkje kjent med at det finst andre miljø i landet der ein samlokaliserer kommunen sitt næringsapparat, regional kunnskapspark med sine inkubatorprogram og Innovasjon Norge. 

-Vi trur dette blir eit heilt unikt tilbod for gründerar. Sogndal er ein stad som i utgangspunktet tiltrekk seg unge, flinke folk. Med dette tilbodet blir det enklare for dei med gode idéar å starte opp selskap. Men dette er ikkje berre noko Fosshaugane Campus kan nyte godt av. Vår tanke er at gründerar i heile regionen skal dra veksel på dette miljøet, seier Yngve Hallén, dagleg leiar i Sogndal fotball as. 

Lokale leverandørar

Åsen & Øvrelid as er entreprenør og er i rute med framdrifta. Bolseth Glass på Sandane er pr. mai i sluttfasen med fasaden: