Bakgrunn, visjon og campus 2.0


På Fosshaugane Campus handlar det om:

  • kunnskapsbasert utvikling som ivaretek etiske, miljømessige og økonomiske omsyn
  • å gje ungdom og vaksne lyst til å lære av kvarandre
  • å gje regionen lyst til utvikling
  • å ha entreprenørskap som kjerneverdi
  • å vere tilgjengeleg – allmenningen 24/7
  • å vere ein del av Sogndal – med eigen karakter
  • Sogndalsmodellen
  • framtida til fylket
  • næringsvit

Målet er å byggje på samspelet mellom intellektuell og sosial utvikling, mellom
entreprenørskap og ungdommeleg pågangsmot, mellom det profesjonelle og det frivillige.
I denne smeltedigelen skal skule, idrett, friluftsliv, kompetanseverksemder og gründarar ha fokus på
samhandling for å skape vekst for den enkelte og for fellesskapet.

Historia om Fosshaugane Campus

Dei første stega til å etablere den store tanken om Fosshaugane Campus i vesle Sogndal vart gjort av Sogndal fotball i 2001. Namnet Fosshaugane Campus vart vedteke i 2003, og Sogndal fotball starta første byggjesteg i 2004. Sogndal vidaregåande skule sitt bygg, som også inneheld Fylkestribuna, stod ferdig sommaren 2011, medan den nye bygget til Høgskulen på Vestlandet stod ferdig 2012.

For å informere og skape entusiasme rundt prosjektet vart det i 2004 utvikla ei brosjyre: 
Draumen om å skape det beste utviklingsmiljøet i Norge.

Eigargruppa Fosshaugane Campus

Desse er eigarar av eigedom på Fosshaugane Campus-området og med i eigargruppa:

  • Sogndal fotball
  • Statsbygg/Høgskulen på Vestlandet
  • Sogn og Fjordane Fylkeskommune (Vidaregåande skule)
  • Sogndal kommune (Grunneigar, Kvåle skule, parkering)

Fosshaugane Campus 2.0 plan

Eigargruppa på Fosshaugane Campus har fått utarbeida ein plan for vidare utvikling. Planen har fått namnet «2.0». Med utgangspunkt i planen har eigargruppa vedteke ein handlingsplan for å gjennomføre ulike fellestiltak, som skal styrkje både den enkelte aktivitet og fellesskapet.

Planen vart presentert i juni 2016:
Last ned utviklingsplan Fosshaugane Campus 2.0

 

Foto: Sogn og Fjordane Fylkeskommune/Oskar Andersen

Fosshaugane Campus - stort og vitalt miljø

  • I dag har 700 tilsette og 3 200 studentar og elevar sitt virke på Fosshaugane Campus
  • Ein reknar at det er omlag 3 000 menneske innom Fosshaugane Campus kvar dag. I ein kommune på 7 900 innbyggjarar.  

 

Innovasjonsbygget opnar i oktober 2017

1700 m2 for gründerar, tiltaksapparat og bedrifter opnar i oktober 2017.

Les meir om Innovasjonsbygget