Parkering


Gjesteparkering

Me ynskjer at våre gjester parkerer på parkeringsplassane med innkøyring frå Fjærlandsvegen (Riksveg 5). Det er her det er best kapasitet. Det er lagt opp til timeparkering på utsida av Sognahallen, og det er god kapasitet i parkeringskjellarane, som har innkøyring langs kortveggen på Sognahallen.

Betalingsautomatar

Du finn betalingsautomatar på eller like ved parkeringsplassen. Ved Sognahallen kan du no også betale med kort/app.

Parkeringsløyve (langtid)

Du får kjøpt parkeringskort hjå Sogndal Kommune, på kommunehuset i Sogndal sentrum. Der sel dei månadskort, halvårskort og årskort på fastsette stader/områder. Merk at langtidsparkeringsløyva ikkje lenger kan nyttast på parkeringsplassane rundt Sognahallen.  Prisar og vilkår kan du finne meir informasjon om på Sogndal Kommune sine nettsider, eller ved å ringe Sogndal kommune på 57 62 96 00.

 

Parkeringsanvisning


Retning frå Skei og Fjærland

Ta av til venstre, frå Rv. 5. Det er skilta til Sogndal Stadion og Sognahallen. Ta umiddelbart til høgre. Du vil då sjå oppmerka parkeringsplassar på di venstre side. Køyrer du vidare ned, rundt svingen mot Sognahallen fins det oppmerka parkeringsplassar på kortsida av hallen. Det er også parkeringskjellar under Linesbygget.

Retning frå Sogndal Sentrum

Ta av til høgre, frå Rv. 5 til Fv. 211, like før Stedje bru. Etter om lag 400m ta til venstre og inn på Trolladalen. Følg Trolladalen i om lag 700 m. Ta av til venstre, skilta mot Sogndal Vg. Skule. Parkeringsplassar fins bak kortsida av stadion. Dersom du i 100m held fram på Trolladalen finn du også parkeringsplassar til høgre.

Retning frå Leikanger

Ta av til venstre frå Rv. 5 til Fv. 211, like etter Stedje bru. Etter om lag 400 m. ta til venstre og inn på Trolladalen. Følg Trolladalen i om lag 700 m. Ta av til venstre, skilta mot Sogndal Vg. skule. Parkeringsplassar finst bak kortsida av stadion. Dersom du i 100m held fram på Trolladalen finn du også parkeringsplassar til høgre.