Distriktssenteret

Distriktssenteret

Steinar Fredheim
Tlf: 481 68 274
E-post: steinar.fredheim@kdu.no
Webside: www.distriktssenteret.no
Kvar? Stadionbygget

Adresse:    
Trolladalen 30
6856 Sogndal
Norge

Distriktssenteret – Kompetansesenter for distriktsutvikling, er eit statleg kompetansemiljø som har til oppgave å kartlegge, analysere og formidle det gode lokale utviklingsarbeidet som skjer rundt om i Norge. Rådgjevarane ved senteret jaktar på gode utviklingsprosjekt frå heile landet som kan være til eksempel og inspirasjon for andre. Viktige målgrupper er eldsjeler og kommunar. Senteret har eit nasjonalt perspektiv og har kontor i Sogndal, Sandnessjøen og Steinkjer . Ved kontoret i Sogndal  er vi sju tilsette.

Distriktssenteret har også ei rolle som kompetanseorgan, rådgjevar og bidragsytar overfor nasjonale, regionale og lokale styresmakter. Dette gjer vi ved å formidle kunnskap basert på innhenta erfaringar og forsking frå utviklingsaktørar, eldsjeler, styresmakter og kunnskapsmiljø. Vi forskar ikkje sjølv, men samarbeider med forskingsmiljø i heile landet for å dokumentere effekten av distriktspolitiske tiltak eller skape grunnlag for å forme framtidas distriktspolitikk. Vedtektene legg vekt på at Distriktssenteret er eit forvaltningsorgan med fagleg uavhengigheit.