Sogn & Fjordane Fylkeskommune (SVGS)

Sogn & Fjordane Fylkeskommune

Jan Tore Rosenlund
Tlf: 916 74 735
E-post: jan.tore.rosenlund@sfj.no
Webside: http://www.sfj.no
Kvar? Linesbygget

Adresse:    
Trolladalen 30
6856 Sogndal
Norge

Sogn og Fjordane fylkeskommune er ein samarbeidsorganisasjon for løysing av offentlege saker. Hovudansvarsområda er opplæring, tannhelse, samferdsle, kultur, næringsutvikling, fylkesvegar, energipolitikk og planlegging.

Mange av oppgåvene blir gjennomførte gjennom lover og reguleringer, som staten har pålagd fylkeskommunen. I tillegg tek fylkeskommunen på seg andre viktige oppgåver, som ikkje er pålagde ved lov eller regulerte av andre offentlege etatar.

Det viktigaste for fylkeskommunen, er at den på ein god måte gjennomfører oppgåver som er viktige for folket i Sogn og Fjordane.

Fylkeskommunen er òg med som ein regional utviklar. Dette er ein funksjon der oppgåva framleis er under utvikling.

I tillegg er fylkeskommunen ein viktig tilbydar av tenester som alle, på ein dagleg basis, har behov for. Som tenesteytar, er fylkeskommunen ei stor verksemd som årleg forvaltar 1,2 milliardar kroner og har meir enn 1300 tilsette. Det tilsvarer 1100 årsverk.

Fylkeskommunen er det øvste politiske nivået i Sogn og Fjordane, styrt av folk i fylket gjennom dei politiske organa. Fylkeskommunen er såleis eit verkty både for folket i Sogn og Fjordane og for Stortinget og regjeringa.