Spenst - Idrettssenteret

Spenst - Idrettssenteret AS

Kolbjørn Rydvang
Tlf: 915 54 150
E-post:  kar@spenst.no
Webside: www.http://sogndal.spenst.no
Kvar? Linesbygget

Adresse:    
Trolladalen 30
6856 Sogndal
Norge

Idrettssenteret AS er eit aksjeselskap med ideelt føremål. Idrettssenteret AS er eigd av Sogndal Fotball. I tillegg er Høgskulen i Sogn og Fjordane vedtaksfesta rett til styrerepresentasjon saman med eigarane. 

Idrettssenteret sitt hovudmål er å skape eit ressurssenter som kan auke det idrettsfaglege kunnskaps- og kompetansenivået i Sogn og Fjordane. Idrettssenteret skal verte dreve på eit ideelt økonomisk grunnlag ved at overskotet vert ført attende til føremålet og utvikla tilbodet til brukarane vidare.