Perfekt for gründerar


Fosshaugane Campus er ein ypparleg stad å starte for deg som har ein forretningsidé. Her er det fleire aktørar som gir deg god hjelp til å lukkast, mellom anna Sogn Næring og Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane.

Sogn Næring yter gratis hjelp til bedriftsetablering i Sogndal Kommune. Dei har også eit nettverk av gründarar som møtes til samlingar og workshops. Sogn Næring kan tilby etablerararkontor på Fosshaugane Campus til ein rimeleg pris.
Ta kontakt med Sogn Næring for meir informasjon om kontor.

    Det er også høve til å søke opptak som inkubator-bedrift hjå Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane. Kunnskapsparken Inkubator er eit verktøy for nyskapande gründerar og bedrifter. Hensikta er å gjere bedriftsutviklinga meir effektiv og dermed auke vekst, verdiskaping og overlevingsevne i bedriftene.
    Ta kontakt med Kunnskapsparken for meir informasjon om opptakskrav og søknadsprosess.

    Frå 1.oktober 2017 vil også Innovasjon Norge ha kontor på Fosshaugane Campus. Dermed vil ei unik og tett lokalisering av verkemiddelapparatet på Fosshaugane Campus, noko vi ser som ein fordel for både gründerar og andre.  

    Les meir om entreprenørskapsmiljøet på Fosshaugane Campus:
    · Sogndal: eit lite stykke Silicon Valley
    · Gründerfabrikken Fosshaugane Campus